tag:blogger.com,1999:blog-758942922405866080.post5657430747269479100..comments2016-06-23T10:56:21.838-07:00Comments on LILLEDORAS VERDEN: AdventLilledorahttp://www.blogger.com/profile/07969270841979826731noreply@blogger.comBlogger1125tag:blogger.com,1999:blog-758942922405866080.post-25333728035692584402008-12-03T00:01:00.000-08:002008-12-03T00:01:00.000-08:00Så fin ein engel du hadde funne! Eg ser for meg ko...Så fin ein engel du hadde funne! Eg ser for meg kor koseleg du har det, i kjøkenet i det vesle raude huset ditt. Stjerner og nye gardiner, kanskje luktar det nytrakta kaffi og fin musikk spelar i bakgrunnen. Adventstida er veldig fin, i allefall heime, og her eg er no. I Oslo er det så mykje styr og mas og inga jolestemning, for der er det sjeldan kaldare enn 3 minus og sjeldan snø. Her, derimot, ligg tunet med dei små raude og kvite husa mellom høge, snøkledde tre, og heile verda er kvit og mjuk. På taka ligg tykke dyner av snø, og det lavar stilt og forsiktig ned også i dag. I eine kjøkenglaset heng ei einsleg stjerne og lyser opp den mørke morgonen. Ha ei fin adventstid, Lilledora! Og takk for dei fine orda på bloggen min; eg er veldig glad for å ha deg som både bloggven og verkeleg ven au :-) Klem frå fivrelet og den vesle snille hunden som er heime åleine i husetFivrelhttps://www.blogger.com/profile/00970858542742949347noreply@blogger.com