tag:blogger.com,1999:blog-758942922405866080.post8367371362181953449..comments2016-06-23T10:56:21.838-07:00Comments on LILLEDORAS VERDEN: MimretingLilledorahttp://www.blogger.com/profile/07969270841979826731noreply@blogger.comBlogger2125tag:blogger.com,1999:blog-758942922405866080.post-70790812540008200052008-05-22T00:44:00.000-07:002008-05-22T00:44:00.000-07:00Bjørn Helge, ja! Tenk, slike dokker har uendeleg l...Bjørn Helge, ja! Tenk, slike dokker har uendeleg lange liv, for meg var Bjørn Helge DET SKJØRE BARNET og det var allstøtt med andakt eg kledde av og på og leika med han, han kunne jo gå i tusen knas i motsetnad til mine plastikk- og tøydokker. Men kor gama var det vel ikkje! Av og på med kleda, mate dei, opp og ned i dokkevogna, gå tur langs vegen. Ja, og så lage klede til dei. Det var helst til dei små dokkene. Mamma var flink og sydde og strikka til dei då eg var lita. Men eg ville også! (var 2 eller 3?). "Eg vil også strikke!" sa eg. Mamma smilte: "men kan du det, då?" "Ja!" sjølvsagt kunne eg det, eg hadde jo sett mamma gjere det SÅÅÅ mange kveldar, ho sat der med ein pinne i kvar hand, og ein tråd, og klirra det heile saman i jamn takt. Kunne vel eg også greie! Så fekk eg strikketøyet i hendene, og eg minnest det ekle vaksensmilet, som vaks medan mitt skrumpa. Eg sat der med det heile i hendene, og eg skjøna INGEN TING. Eg kom ikkje til å få det til, og no hadde eg skjemt meg ut og alt. Byrja sjølvsagt å grine, og kjende meg SÅ utruleg lita og dum då eg måtte gje attende arbeidet saman med kjensla av å vere overvunnen... :-)Fivrelhttps://www.blogger.com/profile/00970858542742949347noreply@blogger.comtag:blogger.com,1999:blog-758942922405866080.post-20114972689170378622008-05-21T13:28:00.000-07:002008-05-21T13:28:00.000-07:00Den dokkevogna der, er det andre som har bruka før...Den dokkevogna der, er det andre som har bruka før. Og Olemann, kven er det eigentleg som eig han??<BR/> Kvar gong storesyster fekk ei dokke, skulle Lilledora ha ei som var plent lik. Og namna skulle vere nokså like, Ingalill var i familie med May Britt, og dei kom frå Sverige. Tamar og Trine og Taimi og Tom var brune smådokker, med namn frå bøkene til Berit Brænne. Ingeborg er framleis ei stasdokke der ho sit i vogna. Lilledora, du kunne alt den gongen saume klede. Aberet var berre at du sauma kleda rett på dokka, og dei var vanskeleg å få av. Men fine var dei.Uglahttps://www.blogger.com/profile/16250404711848535669noreply@blogger.com